Samothráki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Samothráki (gresk Σαμοθράκη) er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Det thrakiske havet, nord i Egearhavet. Hovudbyen på øya heiter òg Samothráki, lokalt kalla Khóra. Samothráki er ein eigen kommune i periferieininga Évros, den vestlegaste i periferieininga, og den sørlegaste i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Eit par kilometer aust for øya går sjøgrensa mellom Hellas og Tyrkia. Øya er 17 km lang og har eit areal på 178 km² med nesten 3 000 innbyggjarar. Hovudnæringane er fiske og turisme.
Kjappe fakta Samothráki Lokalt namn Σαμοθράκη, Geografi ...
Samothráki Lokalt namn Σαμοθράκη | |
---|---|
Hamna på Samothráki | |
Geografi | |
Stad | Det thrakiske havet |
Koordinatar | 40°28′40″N 25°31′19″E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 178,0 km²
|
Høgaste punkt | Óros Fengári (1 624 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Aust-Makedonía og Thráki Évros |
Største busetnad | Samothráki (Khóra) (359 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2 596 (2021[1]) |
Folketettleik | 16,1 /km² |
Lukk