Saltholm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Saltholm er den 21. største øya i Danmark, og ligg i Øresund 5 kilometer aust for Amager og om lag 12 kilometer frå Rådhuspladsen i København. Øresundssambandet passerer øya om lag ei kilometer mot sørvest, der det er bygd ei kunstig øy, Peberholm, for å knyte saman undervasstunnelen frå Amager med brua over resten av Øresund.
Saltholm | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Øresund |
Koordinatar | 55°38′N 12°45′
|
Areal | 16 km²
|
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommune | Tårnby kommune
|
Demografi | |
Folketal | 3 (2005) |
Saltholm er på 16 km² og ikkje høgare enn 1-2 meter over havoverflata. Når det er stormflod, vert øya oversvømd. Det veks så godt som ingen tre på øya, som sidan sidan mellomalderen stor sett har vorte brukt som beiteland. Om lag 1 000 kyr beitar på øya om sommaren. Plantelivet er rikt og omfattar mellom anna blå iris, legeurtane bulmeurt og hjartespam og den sjeldne øresundshønsetarm. Dette førte i 1983 til at øya vart freda, og dei planane som låg føre om ein ny flyplass på øya vart lagt vekk.
Øya har det rikaste fuglelivet i Danmark. I trekktida kan øya trekke til seg om lag 70 000 fuglar. 18 000 par fuglar ynglar kvart år på øya, som òg har den største kolonien av ærfuglar i landet. I tillegg har ein liten selkoloni tilhald her.