Sýros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sýros (gresk Σύρος), òg kalla Siros eller Syra, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg 145 km søraust for Aten.
- Dette er ein artikkel om ei gresk øy. Viss du leitte etter sure stoff, sjå syre.
Kjappe fakta Sýros Lokalt namn Σύρος, Geografi ...
Sýros Lokalt namn Σύρος | |
---|---|
Ermoúpoli på Sýros | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°27′N 24°54′E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 83,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Sýros |
Største busetnad | Ermoúpoli (11 039 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 21 124 (2021[1]) |
Folketettleik | 252,7 /km² |
Lukk
Sýros var tidlegare ein del av prefekturet Kykladane, men er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Det er berre éin kommune i periferieininga, Sýros-Ermoúpoli.[2] Til kommunen høyrer òg den vesle tidlegare fangeøya Járos.
Av tettstadar på øya finn ein Ermoúpoli og Áno Sýros. Ermoúpoli er hovudbyen på øya og i Kykladane, frå 2011 er byen òg hovudstad i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Han har alltid vore ei viktig hamn og på 1800-talet var han til og med viktigare enn Pireus.