Sørsamar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørsamar (sørsamisk åarjelsaemieh) er ei gruppe samar som bur i Noreg og Sverige. Dei tradisjonelle bu- og reindriftsområda deira i Noreg strekkjer seg i dag omtrent frå Ranelva i Rana kommune i Nordland til Elgå austom innsjøen Femunden i Hedmark. I Sverige reknar ein det sørsamiske området til å vera Västerbottens län, Jämtlands län og delar av Härjedalen og Dalarna.
Sørsamar er skilde frå andre samiske grupper gjennom det sørsamiske språket og tradisjonar kring drakt, byggeskikk og andre kulturuttrykk.[1] Sørsamane utgjer ein liten del av den samiske folkegruppa og er blitt kalla ein «minoritet i minoriteten».[2][3][4] 500–800 personar snakkar sørsamisk i dag, og om lag 150 personar er sysselsette i reindrift i dei sørsamiske områda i Noreg.[5] Det finst sørsamiske institusjonar som skule, museum og teater i Snåsa, Hattfjelldal, Røros, Røyrvik, Mo i Rana og Östersund.
Historia til sørsamane kan delast i tre store periodar: fangstsamfunn, intensiv reindriftsnomadisme og ekstensiv reindrift. Ein går ut frå at reindriftsnomadismen byrja seint i mellomalderen, kring 1200–1400. Avsluttinga av reindriftsnomadismen er vanlegvis knytt til at ein slutta å mjølka reinsdyra, noko som fann stad mellom 1902 og 1964 i Noreg.[6]