Ringane til Saturn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ringane til Saturn er ei rekkje planetringar, sett saman av hovudsakleg is og støv, som omkransar planeten Saturn.
Den første kjende observasjonen av ringane blei gjort av Galileo Galilei i 1610, men det svake teleskopet han brukte gjorde at han såvidt kunne sjå dei, og trudde dei var to månar på kvar side av planeten. Christiaan Huygens var i 1655 den første som meinte at det kunne gå ein ring rundt Saturn.