Ródos by
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ródos by (gresk Ρόδος) er hovudstaden på øya Ródos i Dodekanesane i Hellas. Han var òg hovudstad i det tidlegare prefekturet Dodekanesane og er no hovudstad i periferieininga Ródos. Ródos by var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Ródos, som no omfattar heile øya.[2] Storbyområdet har om lag 80 000 innbyggjarar. Ródos har vore kjend sidan antikken for Kolossen på Ródos, eit av dei sju underverka. Festninga på Ródos, bygd av maltesarordenen, er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Europa og kom i 1988 på UNESCO si verdsarvliste. Ródos by er ein populær turistdestinasjon.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Ródos by | ||
---|---|---|
Hamna i Ródos | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Periferi Periferieining |
Hellas Dei sørlege egeiske øyane Ródos | |
Grunnlagd | 408 fvt. | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
19,5 km² | |
Innbyggjarar - By (2021[1]) - folketettleik |
54 562 2 894/km² | |
Koordinatar | 36°26′0″N 28°13′0″E | |
Høgd over havet | 0-25 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 851 00 | |
Telefon-retningsnummer | 22410 | |
Bilnummer | PON, POP | |
Heimeside: www.rhodes.gr |
Lukk