Provinsen Cuneo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Provinsen Cuneo (italiensk Provincia di Cuneo) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. I vest grensar provinsen til Frankrike og departementa Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Hautes-Alpes i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur. I nord grensar han til provinsen Torino, i aust til provinsen Asti, i sør til provinsen Savona og provinsen Imperia i Liguria.
Fil:Provincia di Cuneo-Stemma.png | |
Nasjon | Italia |
Region | Piemonte |
Hovudstad | Cuneo |
Areal | 6 903 km² |
Folketal (2001) | 556 359 |
Folketettleik | 81/km² |
Kommunar | 250 |
Bilnummer | CN |
Postnummer | 12100 |
Retningsnummer (tlf) | 171 |
President | Raffaele Costa |
Plasseringa til Cuneo i Italia |
Han vart òg kalla Provincia Granda, den store provinsen, fordi han er den tredje største provinsen i landet (etter Bolzano og Foggia). Dette skapte tidlegare problem for innbyggjarane i Alba som måtte reise langt til Cuneo kvar gong dei hadde æren med provinsstyret. Fleire gonger har det vorte gjort framlegg om å dele provinsen i to.
Hovudstaden er byen Cuneo. Han har eit areal på 6 903 km² og totalt 556 359 innbyggjarar (2001). Det er 250 kommunar i provinsen og dei største av desse er: