Primrose Hill
From Wikipedia, the free encyclopedia
Primrose Hill er ein ås på nordsida av Regent's Park i London. Området rundt åsen, som består av både eit park- og eit bustadområde, har det same namnet. Åsen har god utsikt mot det sentrale London, og var ein del av eit område Henrik VIII skaffa seg. I 1841 gjekk det til krona, og året etter vart det ved eit parlamentsvedtak ein offentleg park.
Delar av området har busetnad, for det meste viktorianske rekkjehus. Det har alltid vore eit av dei mest fasjonable områda i beltet mellom sentrum av London og dei ytre forstadane, og eigedomsprisane er høge.
I oktober 1678 vart Edmund Berry Godfrey myrda under mystiske omstende på Primrose Hill, som den gong vart kalla Greenberry Hill, sjå avsnitt lenger nede.
Området vart mykje omtalt i britiske media frå august 2006, då husokkupantar tok seg inn i eit hus verd fleire millionar pund. Dei byrja å halde vekentlege rave-festar som varte heile natta, og naboane klaga over både støy, openlys bruk av narkotika og forsøpling.