Polart lågtrykk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit polart lågtrykk er eit småskala og kortvarig lågtrykk som ein finn over havområde på polsida av polarfronten på både nordlege og sørlege halvkule. Systema har vanlegvis ein horisontal lengdeskala som er mindre enn 1000 km og kan vare frå 6 timar til eit par dagar. Polare lågtrykk er ofte vanskeleg å oppdage sidan dei som regel oppstår i polare havområde der det er langt mellom observasjonane, og ofte er for små til å fangast opp av vanlege vêrmodellar. Ein oppdagar dei derfor ofte ikkje før dei kan observerast på satellittbilete, og dei utgjer derfor ein fare for skipstrafikk og gass- og oljeplattformar.
Polare lågtrykk går under fleire namn, som kommaskyer, mesosyklonar, polare mesoskala kvervlar, arktiske orkanar, arktiske lågtrykk og kaldluftslågtrykk. I dag vert uttrykket «polart lågtrykk» brukt om kraftige lågtrykkssystem med vind på minst stiv kuling (15 m/s).
Polare lågtrykk vart først oppdaga då satellittbilete vart tilgjengelege på 1960-talet som småskala skykvervlar på høge breidder. Dei mest aktive polare lågtrykka finn ein i dei isfrie havområda i og nær Arktis om vinteren, som Norskehavet, Barentshavet, Japanhavet og Alaskabukta. Kvart år oppstår det 5-15 polare lågtrykk i havområda utanfor Nord-Noreg, men kan innimellom gå så langt sør som til Nordsjøen. Nær Antarktis er som regel dei polare lågtrykka svakare enn i nord sidan temperaturskilnaden mellom lufta og sjøen er mindre. Ein kan likevel få kraftige polare lågtrykk òg i Sørishavet.