Pireusløva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pireusløva er ein av fire løvestatuar i Arsenale di Venezia. Statuen stod opphavleg i Pireus, hamnebyen til Athen, og vart teken til Venezia av doge Francesco Morosini i 1687 etter ei plyndring under den den store tyrkiske krigen då venezianarane kringsette Athen. Det står kopiar av statuen i Pireus og i Statens historiska museum i Stockholm. Statuen er kjend for runeinnskriftene som er på han.
Løvestatuen hadde stått i Pireus sidan det fyrste eller andre hundreåret e. Kr, og var eit kjent landemerke. So kjend var statuen at italienarane kalla Pireus Porto Leone, 'Løvehamna'.[1] Statuen viser ei sitjande hannløve. Han har hol hals og spor etter eit røyr etter ryggen, noko som tyder på statuen har vore i bruk som fontene.[2] Løva er i kvit marmor og er om lag 3 meter høg.
Runeinnskrifter på sidene av statuen skal vere frå 1000-talet. [3] Innskriftene er forma som ein forseggjord lindorm med runene skrivne på det buktande kropsbandet, mykje likt slik det kan vere gjord på runesteinar frå Skandinavia. [4] Ein teori er at dei som rissa runene var væringar, skandinaviske krigarar som var i teneste hjå Keisaren av Bysants, som var sende til Hellas for å slå ned eit opprør.