Piltdownmennesket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Piltdownmennesket eller piltdownmannen er ei vidkjend forfalsking som består av delar av ein skalle og underkjeve. Desse skal ha vorte funnen i eit grustak nær Piltdown ved Uckfield i East Sussex i 1912. Mange av ekspertane på den tida trudde at fragmenta var dei fossiliserte leivningane av ein til då ukjend form for tidleg menneske. Det vitskaplege namnet Eoanthropus dawsoni («Dawsons daggry-mann», etter samlaren/arkeologen Charles Dawson) vart gjeve til spesimenet.
Tydinga av funnet var omstridd fram til forfalskninga vart offisielt avsløra i 1953. Kjevebeinet viste seg å tilhøyra ein orangutang og var sett saman med nokre sjimpanse-tenner og skallen til eit fullt utvikla moderne menneske.
Piltdown-forfalskninga er ein av dei mest kjende arkeologiske forfalskingane i historia. Ho har vore framståande av to grunnar: merksemda som har vorte gjeve temaet menneskeleg evolusjon og den lange tida som gjekk (meir enn 40 år) før forfalskningen vart offisielt og endeleg avsløra.