Pikkolofløyte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pikkolofløyte (frå det italienske flauto piccolo, 'lita fløyte') er ei lita tverrfløyta i treblåsfamilien. Ho er halvparten så stor som ei tverrfløyte, og har sitt normale toneregister ein oktav over denne. Pikkolofløyta har det høgaste toneomfanget i symfoniorkesteret, frå tostroken d og heilt opp til femstroken c. I det høge registeret er fløyta vanskeleg å overdøyva. I tillegg til i symfoniorkesteret blir ho ofte brukt i janitsjarkorps og i militærmusikk.
Pikkolofløyte | |||
Ei pikkolofløyta | |||
Treblåseinstrument | |||
---|---|---|---|
Klassifisering | tverrfløyte | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 421.121.12-71 (Fløyteliknande aerofon med lydhol) | ||
Liknande instrument |
| ||
Speleregister | |||
Pikkolofløyta blei konstruert på slutten av 1700-talet, og tok over som diskantfløyta etter flageoletten. Klaffane er sidan 1800-talet ordna på same måte som den moderne tverrfløyta, og grepet er likt på begge fløytetypane. Ein person som kan spela tverrfløyta kan derfor forholdsvis enkelt læra seg å spela pikkolofløyta. Blåseteknikken er like på dei begge, men luftstraumen må konsentrerast meir på pikkolofløyta. Små endringar i blåsinga gir svært stor variasjon i lyden, noko som gjer pikkolofløyta til eit fleksibelt instrument.