Pierre Louis Dulong
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pierre Louis Dulong (12. februar 1785–19. juli 1838) var ein fransk fysikar og kjemikar, lege, og seinare lærer i fysikk og kjemi ved ulike vitskaplege institusjonar i Paris.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Close
Frå 1830 var han direktør for École polytechnique. Han arbeidde med varmefenomen, som utvidinga til lekamar, avkjøling, varmekapasitet, damptrykket til vassdamp og anna. Han fann, saman med kollegaen sin Alexis Thérèse Petit, Dulong-Petit-lova. Dulong oppdaga det særs eksplosive nitrogenkloridet (1811), noko som kosta han eit auge og fleire fingrar.