Pattedyrliknande krypdyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pattedyrliknande krypdyr eller synapsidar er namnet på den gruppa av krypdyr som pattedyra stammar frå. Det vitskaplege namnet Synapsida viser til at hovudskallen er «synapsid», med ei enkel opning i skalletaket bak kvart auge. I fylogenetisk forstand inkluderer gruppa både pattedyra og forfedrane deira, men i paleontologien brukar ein vanlegvis omgrepet om den delen av gruppa som ikkje er pattedyr. Systematikken (til høgre) gjeld for gruppa i vid forstand, inkludert pattedyr.
Pattedyrliknande krypdyr | |
Synapsidefossil | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
(Urangert): | Pattedyrliknande krypdyr Synapsida Osborn, 1903 |