Pålebygning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pålebygningar er bygningar reiste på eit understell av pålar som er sette ned i grunnen, ofte i ein strandkant eller ute i vatnet. Ein kan òg rekna bygningar som er oppførte på eit flytande underlag ute i vatnet eller på flytande torvmatter (som den svenske Alvastrabuplassen frå steinalderen) som pålebygningar.
Pålebygningar er i dag særleg vanlege blant malayar og på Papua Ny-Guinea, i Polynesia og hjå ein del søramerikanske urfolk. Dei kan ha blitt laga dels for forsvar og dels fordi ein vil bu i område som er for våte for vanlege hus. Dei er nyttige på stader der det er vanleg med flaum, eller like ved vasskanten.
Ein viktig grunn til å byggja pålebygningar er for å verna seg mot flaum.[1] Ein kan også bruka dei på grunn som kan vera ustabil, som myr eller permafrost. Bygningar på pålar kan også halda ute skadedyr.[2] Det opne rommet under bygningen kan brukast til arbeid eller lagerplass.[3]