Olga Bryzjina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Olga Arkadjevna Bryzjina, fødd Vladykina, (fødd 30. juni 1963) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnokamsk i Perm kraj som representerte Sovjetunionen til 1991 og sidan Ukraina. Ho vart verdsmeister på 400 meter i 1987 og olympisk meister i 1988, dessutan vann ho sølvmedaljar på same distansen ved EM 1986 og OL 1992. Ved OL 1988 og 1992, samt VM 1991 deltok ho på dei sovjetiske laga som vann gull i 4 x 400 m stafett. Bryjzina sin personlege rekord på 48,27 sekundar gjev henne fjerdeplass på verdsstatistikken.
Kjappe fakta
Olga Bryzjina | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 30. juni 1963 (60 år) Krasnokamsk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Ordenen folkenes vennskap, «Arbeidets helt«-medaljen, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Close