Nordgermanske språk
språkgrein till indoeuropeisk som er snakka hovudsakleg i Nord-Europa / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordgermanske språk, kjende ogso som nordiske språk[1] eller endå skandinaviske språk[2] er ei språkgrein som er snakka hovudsakleg i Nord-Europa, som omfattar språka dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk, og det utdøydde språket norn[3]. Alle dei nordgermanske språka kan sporast opp til urnordisk og vidare til urgermansk, og saman med vestgermanske språk (som t.d. engelsk) og utdøydde austgermanske språk høyrer til den store germanske språkfamilien som i sin tur er ei av hovudinndelingane innom den indoeuropeiske språkfamilien[4].
Or eit lingvistisk perspektiv kan dei nordiske språka gjerne halde for ulike dialektar av same språk[5]. Grensene mellom dialektområda er særleg vanskelege å kartleggje mellom dei fastlandske språka norsk, svensk og dansk, der sjølv standardspråka viser stor grad av gjensidig forståing[6]. Kringom året 1000 var det notidige nordisktalande området språkleg homogent[7]. I dag er dansken ensa som det mest progressive av nordiske språk, medan islandsken – som det mest konservative[8].
Det er rundt 20 miljonar menneske i Norden som har eit nordgermansk språk som morsmål. Nordiske språk vert snakka og i viss omfang i minoritetgrupper, hovudsakleg i Nord-Amerika og Australia[9].
Det finst ei rekkje dialektar i net nordgermanske språkområdet som mange vil rekna som eigne språk, som t.d. gutnisk[10] eller elvdalsk[11]. I tillegg finst det ogso kreolspråk nytta av romanifolk som av og til vert rekna som nordgermanske[12].
Det er viktig å skilje mellom nordiske språk som er ei felles nemning for den nordgermaske undergruppa i den indoeuropeiske språkfamilien og språk i Norden som omfattar og språka frå andre familiar – den uraliske (samisk, finsk og tornedalsfinsk) og den eskimoisk-aleutiske (grønlandsk)[13].