Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå Noreg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sidan 1962 har Nordisk råd årleg delt ut Nordisk råds litteraturpris for eit skjønnlitterært verk skrive på språket i eit av dei nordiske landa. Frå Noreg har det heilt frå starten i 1962 vore nominert to kandidatar kvart år, og norske forfattarar har vunne prisen til saman 11 gonger. Nominasjonane vert gjort av ein nasjonal komité på tre personar (to ordinære medlemmer + ein suppleant). Komitémedlemmene vert utpeika av Nordisk ministerråd for fire år i gongen.