Nebrodi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nebrodi er ei fjellkjede som går langs nordaustkysten av Sicilia. I lag med Madonie og Peloritani dannar ho Dei sicilianske Apenninane.
Fjella går frå Peloritani aust på øya til foten av Madoniefjella i vest mot Tyrrenhavet i nord. Etna, som ligg på andre sida av elvane Alcantara og Simeto, dannar den sørlege grensa. Den høgaste toppen er Monte Soro (1 817 m). Fjellkjeda består hovudsakleg av sandstein og leire, men inneheld òg kalksteinslandskap, som Rocche del Crasto. Av byar i fjella finn ein Troina, Nicosia, Mistretta og fleire andre i provinsen Messina.