Nasjonalfugl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nasjonalfugl er ein eller fleire fuglar som gjennom tradisjon eller val blir brukt til å symbolisere ein nasjon. Nokre fuglar er også nasjonaldyr, medan andre er valde i tillegg til eit anna dyr som symboliserer landet eller nasjonen.
Nasjonalfuglar kan vera fuglar som berre finst vilt i landet dei symboliser, som grønfasan i Japan, dei kan vera utbreidde over størstedelen av territoriet til landet, som kvithovudhavørn i USA, eller dei kan symbolisera landet eller naturen der på andre måtar.