Nøkkelroman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nøkkelroman (frå fransk roman à clef, dvs «roman med nøkkel») er ein skjønnlitterær tekst som kan lesast som ei sann historie, dvs. at det er mogleg å sette opp ein «nøkkel» som avslører kva verkelege personar romanen eigentleg omhandlar. Figurane er til vanleg kjende folk og ofte blir heile miljø skildra under eit tynt lag av fiksjonalisering slik at alt blir lett å kjenne igjen.[1]
Ein annan og vidare definisjon av nøkkelroman er romanar som blir sett på som spesielt viktige, dvs som ein nøkkel, til å forstå eit heilt forfattarskap.