Mår
rovpattedyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Mår (Martes martes) er eit skoglevande rovdyr i mårdyrfamilien som og finst i Noreg. Vår skogmår er ein av sju mårartar. I Europa finst og ein steinmår og lenger aust finn ein sobelen, ein mårart kjend for sin svært verdifulle pels. I dag er mårbestanden ikkje trua i Noreg.
Mår | |
Foto: Dani Kropivnik | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av mår | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Overfamilie: | Musteloidea |
Familie: | Mårfamilien Mustelidae |
Underfamilie: | Guloninae |
Slekt: | Martes |
Art: | Mår M. martes |
Vitskapleg namn | |
Martes martes |
Måren er ein dyktig klatrar som lever av smågnagarar, småfuglar og egg. Vekta kan vere frå 1–1,8 kg, og lengda 65-85 cm.