Moss
tettstedet Moss / From Wikipedia, the free encyclopedia
Moss er ein by og administrasjonssenter i Moss kommune i Østfold fylke. Byen strekker seg ut over kommunegrensene og inkluderer også busetnad i kommunane Rygge og Vestby. Delen av byen som ligg i Moss har 30 201 innbyggjarar (2012). Totalt har heile Moss tettstad ei folkemengd på 49 428 innbyggjarar per 1. januar 2023.
- Denne artikkelen handlar om byen og tettstaden Moss. For kommunen, sjå Moss kommune.
Moss | |||
By | |||
Moss sett frå Jeløya. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Kommune | Moss | ||
Areal | 22,29 km² | ||
Folketal | 49 428 (2023) | ||
Folketettleik | 2 217 / km² | ||
Innbyggjarnamn | mossing | ||
Preposisjon | i/på Moss | ||
Moss 59.433888888889°N 10.6575°E / 59.433888888889; 10.6575 | |||
Wikimedia Commons: Moss, Norway | |||
Moss ligg på austsida av Oslofjorden og er eit knutepunkt for samferdsel. Byen har ferjesamband over fjorden til Horten i Vestfold fylke, og direkte flysamband til byar i Noreg og Europa gjennom Moss lufthamn, Rygge. I tillegg har byen jernbane, og ligg nært til E 6.
Byen er eit viktig handels- og administrasjonssenter, med eit mangfaldig industri- og handelsmiljø. Moss er sete for fylkesmannen i Østfold og fylkesarbeidskontoret, medan fylkeskommunens administrasjon ligg i Sarpsborg. I byen ligg Sykehuset Østfold Moss og to vidaregåande skolar, Kirkparken VGS og Malakoff VGS, som er drivne av Østfold fylkeskommune.
Moss fekk bystatus i 1720.