Milvus
slekt av haukefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Milvus er ei biologisk slekt av rovfuglar i haukefamilien, Accipitridae, som lever i «den gamle verda».
Milvus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Milvus Lacépède, 1799 |
Slekta inneheld tre artar, desse er arten glente (Milvus milvus), som lever nesten utelukkande i Europa, svartglente (Milvus migrans), som har utbreiing over store delar av Europa, Asia og Australia, og gulnebbglente (Milvus aegyptius), som høyrer heime i Afrika. Ein populasjon på Kapp Verde (Milvus fasciicauda eller Milvus milvus fasciicauda), har ein uklår status i taksonomien.
Milvus-glentar er mellomstore rovfuglar med lange, djupt fingra venger, vinkla i karpalfugen når dei er i flukt. Den merkbart lange halen er litt kileforma hos svartglente og sterkt kileforma hos arten glente. Glenteartane syner sterke flygeeigenskapar under jakt og sveveflyging. Dei er brunvorne i farga, hovudet er lyst, nokon gangar nesten kvitt. Glentar et både levande byttedyr og åtsel. Nominatforma av svartglenten viser ei særskild interesse for fisk. Migrasjonsstrategiane til både svartglentar og glentar er varierande, dei kan gjere langdistansetrekk, vere kortdistansetrekkfuglar så vel som standfuglar. Gulnebbglentar er for det meste kortdistansetrekkfuglar, eller lever som streiffuglar utanfor hekkesesongen.
- Svartglente, Milvus migransFoto: Pierre-Marie Epiney
- Gulnebbglente, Milvus aegyptiusFoto: A. Davey