Mexico by
Mexicos hovudstad / From Wikipedia, the free encyclopedia
Mexico by er hovudstaden og den største byen i Mexico. Tidlegare heitte byen Tenochtitlan. Byen ligg sentralt i Mexico, på eit platå som ligg 2 200 meter over havet. Byen er omgjeven av fleire vulkanar som rager opp til 5 500 meter over havet.
Meir informasjon Ciudad de México, Styresmakter ...
Ciudad de México | |||||
---|---|---|---|---|---|
Paseo de la Reforma. Til venstre er den høgste bygningen i Mexico, Torre Mayor | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Føderalt distrikt |
Mexico Mexico by | ||||
Grunnlagd | 1325 (som Tenochtitlan)
1521 (som Mexico by) | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 1 485 km² | ||||
Høgd over havet | 2240 m | ||||
Tidssone | UTC-06:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.cdmx.gob.mx | |||||
Plassering | |||||
Close
Eit kallenamn på Mexico by er la Ciudad de los Palacios, 'palassbyen'.
Sjølve sentrum av byen høyrer til administrativt Det føderale distriktet i Mexico (Distrito Federal, D.F). Forstadene til byen ligg i ti kommunar i den omliggande staten Estado de México. Det bur om lag 8,5 millionar menneske i Distrito Federal, men med forstader er innbyggjartalet nesten 18 millionar.