Maskeballet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maskeballet (Un ballo in maschera) er ein opera frå 1859 med musikk av Giuseppe Verdi og libretto av Antonio Somma. Operaen byggjer på Eugène Scribes Gustave III ou Le Bal Masqué, som igjen baserer seg på mordet på den svenske kongen Gustav III i Stockholmsoperaen i 1792. Operaen finst i ulike versjonar på grunn av sensuren på den tida han blei til i. Den opphavlege versjonen handlar om mordet på kong Gustav III, men i den første oppføring var handlinga lagt til Boston på 1600-talet. Persongalleriet blei bytta ut på grunn av sensuren i mange land, fordi ein hadde innvendingar mot å setja opp ei framstilling av eit kongemord på scena. No til dags er det vanlegast å visa den opphavlege versjonen.