Mariner-programmet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mariner-programmet var ein serie romsondar sende opp av den amerikanske romorganisasjonen NASA for å undersøkje dei indre planetane Mars, Venus og Merkur. Av dei 10 romsondane var sju suksessfulle, medan tre gjekk tapt. Mariner 11 og 12 vart etterkvart gjeve nye namn, Voyager 1 og Voyager 2, som ein del av Voyager-programmet. Viking 1 og Viking 2 var forstørra utgåver av Mariner 9.