Marie-Catherine d’Aulnoy
fransk skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Marie-Catherine Jumel de Berneville, grevinne av Aulnoy (1650–1705) var ein fransk forfattar, også kjend som Madame d'Aulnoy. Ho er særleg kjend for kunsteventyra sine, og var den første som gav ut eventyr i Frankrike.[1] D'Aulnoy var også den som innførte omgrepet contes de fées ('fe-soger'), som er brukt om eventyr på fransk og tilsvarer engelsk fairy tale.[2] Ho levde sjølv eit eventyrleg liv, der ho var innblanda i skuldingar om majestetsfornærming og levde fleire år i eksil.
Kjappe fakta
Marie-Catherine d’Aulnoy | |
Pseudonym | Madame D***, Madame D**** |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 1652 Barneville-la-Bertran |
Død |
14. januar 1705 (52 år) |
Yrke | skribent, salongvertinne, romanforfattar, eventyrsamlar |
Språk | fransk |
Sjanger | fortelling |
Medlem av | Galileiana Academy of Arts and Science |
Marie-Catherine d’Aulnoy på Commons |
Lukk