Marekatt
pattedyrslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Marekattar er ei slekt av dyreapefamilien. Det finst omtrent 20 artar, og dei lever i store flokkar i Afrika.
Marekatt | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Parvorden: | Austaper Catarrhini |
Overfamilie: | Cercopithecoidea |
Familie: | Dyreapar Cercopithecidae |
Underfamilie: | Cercopithecinae |
Slekt: | Marekatt Cercopithecus von Linné, 1758 |
Dei har ein smal kropp og fine lemmar. Dei små hendene deira har ein lang tommel. Marekattar er typiske tredyr og lever ofte i store grupper. Dei står under leiing av ein gammal hann, som med omsorg vakar over tryggleiken til flokken. Merkar han at det er fare, utstøyter han ein varsellåt, som gjer at alle flyttar til nærmaste treholt eller skog. Mot rovfuglane forsvarar dei seg med suksess og andre rovdyr har problem med å få tak i dei. Utanom frukt, korn og andre vekstar et marekattar au fugleegg og fugleungar. Forplantinga er ikkje bundi til noko viss årstid.