Madeleine de Scudéry
fransk skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Madeleine de Scudéry, ofte kjend som berre mademoiselle de Scudéry (15. november 1607–2. juni 1701), var ein fransk forfattar av voluminøse underhaldningsromanar. Ho var den yngre systera av forfattaren Georges de Scudéry. Ho var ein del av preciositeten, les précieuses, ein litterær stil og idérørsle på 1600-talet i dei litterære salongane i Paris.
Kjappe fakta
Madeleine de Scudéry | |
Pseudonym | Sapho, Monsieur de Scudéry, M. de Scuddery, M. D. S. |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 15. november 1607 Le Havre |
Død |
2. juni 1701 (93 år) |
Yrke | skribent, salongvertinne, litterat, romanforfattar, lyrikar, dei franske moralistane, filosof |
Språk | fransk |
Sjanger | Nøkkelroman |
Madeleine de Scudéry på Commons |
Lukk
Som andre av forfattarane i tida, følgde Scudéry suksessformelen til Honoré d'Urfé sin roman L’Astrée, som var prega av usannsynlige eventyr og galanteri. Ho spesialiserte seg òg på portrettera vener og kjende lett fordekt i romanane sin saman med ein dose smiger.[1]