Lovćen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lovćen (serbisk Ловћен) er eit fjell og ein nasjonalpark sørvest i Montenegro.
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Lovćen | |||
fjell | |||
Lovćen nasjonalpark | |||
Land | Montenegro | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 749 moh. | ||
Koordinatar | 42°51′N 19°43′E | ||
Lovćen 42.4°N 18.833333333333°E / 42.4; 18.833333333333 | |||
Wikimedia Commons: Lovćen national park | |||
Lukk
Lovćen stig opp frå kysten av Adriahavet og Kotorbukta og ligg innanfor byen Kotor. Fjellet har to imponerande toppar, Štirovnik (1 749 m) og Jezerski vrh (1 657 m).
Fjellsidenen er steinete med mange sprekkar, groper og djupe søkk som gjev landskapet ein spesiell utsjånad. På grensa mellom havet i vest og kontinentet i aust er fjellet påverka av begge klima og dette har ført til utvikling av forskjellige biologiske system. Det er 1158 planteartar på Lovćen, der fire er endemiske.