Lilly
kvinnenamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lilly, Lily, Lillie og Lili er kvinnenamn med ulike opphav. Lilly har namnedag den 16. september i Noreg og den 6. september i Sverige.
Namna kan vera kjæleformer av Elizabeth, kortnamn for Lilian eller visa til det engelske ordet for 'lilje', lily (tidlegare også lilly). I tydinga 'lilje' er det knytt til den kristne symbolikken med at blomen viser til reinskap.
Lilly og Lilley kan også vera slektsnamn. Namnet kan stamma frå gammalengelsk Linleia, 'rydding der ein dyrkar lin'.
Lill er eit liknande namn.