Lars Bohinen
norsk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lars Bohinen (fødd 8. september 1969 i Vadsø) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Bohinen var midtbanespelar. Bohinen fekk 49 A-landskampar for Noreg, og scora 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994.
Lars Bohinen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. september 1969 (54 år) Vadsø kommune |
Yrke | fotballspelar |
Språk | norsk |
Høgd | 185 centimeter |
Lars Bohinen på Commons |
Bohinen spelte seniorfotball for 11 ulike klubbar. I Noreg var han innom Bærum, Lyn, Vålerenga (to periodar), Viking og Lillestrøm. Han spelte også for ei rekke klubbar i utlandet – fyrst for sveitsiske Young Boys Bern, seinare for dei engelske klubbane Nottingham Forest, Blackburn og Derby, og til slutt i dei danske klubbane Lyngby FC (no Lyngby Boldklub) og Farum. Han avslutta karrieren i Vålerenga i 2003.
I 1995 skapa Bohinen avisoverskrifter då han valde å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot dei franske prøvesprengingane i Stillehavet, og fekk både ros og kritikk for sitt engasjement.
Bohinen arbeider no som sportsleg administrativ leiar i Vålerenga Fotball. Bohinen er fetter til Sigurd Rushfeldt, som også er ein mangeårig landslagsspelar og utanlandsproff.