Kvitkinngås
art av andefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitkinngås (Branta leucopsis) er ei gås i andefamilien. Ho er ein flyttfugl som hekkar primært i Arktis, men etter 1970-talet òg på enkelte stader i Skandinavia. Kvitkinngåsa er ei kompakt, relativt korthalsa gås med svart, kvit og grå fjørdrakt. Ho hekkar nær kysten og kan leve i mange forskjellige typar av hekkehabitat som fjellskrentar, grasstrender, låge øyar og grunne sandbankar. Føda består av plantemateriale, inkludert vier.
Kvitkinngås | |
Foto frå Finland Foto: flickr-brukar andrey | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kvitkinngås | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Overfamilie: | Anatoidea |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anserinae |
Slekt: | Branta |
Art: | Kvitkinngås B. leucopsis |
Vitskapleg namn | |
Branta leucopsis Bechstein, 1803 |
Det spesifikke vitskaplege namnet er avleidd frå gammalgresk leukose som tyder 'kvit' og opsis, som tyder 'andlet'. Arten er ikkje delt inn i underartar. Kvitkinngåsa høyrer til slekta Branta, som inkluderer gjæser karakterisert av svart og kvit fjørdrakt og svarte bein og nebb.