Kvitsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitsjøen (russisk Белое море, Beloje More; finsk Vienanmeri) er ei bukt i Barentshavet på nordvestkysten av Russland. Ho er omgjeven av Karelia i vest, Kolahalvøya i nord og Kaninhalvøya i nordaust.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Kvitsjøen | |||
bukt | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Polhavet | ||
Kvitsjøen 65.8°N 39°E / 65.8; 39 | |||
| |||
Wikimedia Commons: White Sea | |||
Lukk
Hamnebyen Arkhangelsk ligg ved Kvitsjøen. Gjennom store delar av russisk historie har dette vore det største senteret for internasjonal sjøhandel i Russland, utført av dei såkalla pomorane frå Kholmogory. I moderne tider har området vore ein viktig sovjetisk marine- og ubåtbase. Kvitsjø-Austersjø-kanalen går frå Kvitsjøen til Austersjøen.
Heile Kvitsjøen er under russisk kontroll og vert rekna som russisk indre farvatn.
Det er fire store bukter i Kvitsjøen. Frå vest til aust er desse Kandalakshabukta, Onegabukta, Dvinabukta og Mezenbukta.