Kvikne kyrkje i Tynset
kyrkje i Tynset i Innlandet / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvikne kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1654 i det som før var Kvikne kommune, men som frå 1966 er ein del av Tynset kommune i Innlandet fylke. I byrjinga hang klokkene i tårnet, men i 1768 vart dei overførte til ei klokkestove ved våpenhuset i vest. Sakristiet er frå 1773.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Kvikne kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Tynset | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Nord-Østerdal | ||
Sokn | Kvikne | ||
Fellesråd | Tynset | ||
Type | krosskyrkje | ||
Arkitekt | Knud Mortensen (byggm.) | ||
Teknikk | lafteverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1. juli 1654 | ||
• Endringar | 1730-åra, 1768, 1773 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Johan Bildsnider (bilete måla av Johan Kontrafeier) | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1976 | ||
Sitjeplassar | 203 | ||
Kvikne kyrkje 62.5837°N 10.2851°E / 62.5837; 10.2851 | |||
Wikimedia Commons: Kvikne kirke (Tynset) | |||
Lukk
Veggene i kyrkja vart utsmykka med rankedekorasjonar i 1730-åra. Galleribrystingane har bilete av Jesus og disiplane.
Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd på Bjørgan prestegard i Kvikne i den tida far hans var prest i Kvikne.
- Altartavle
- Preikestol
- Kongemonogram for Kristian VI
- Krusifiks
- Galleribrystning i tverrskipet
- Benkevange