Kunstig nedbør
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kunstig nedbør er nedbør som er kunstig utløyst. Dei første seriøse vitskaplege forsøka på å skape nedbør ved hjelp av skysåing vart utført i 1946, og ein klarte då å påverke skyene til å gje frå seg noko nedbør. Skysåing på stor skala har vist at det truleg ikkje går å regulere nedbøren i så stor grad at det får praktisk tyding. Ein har derimot fått til å kunstig løyse opp tåke og å hindre hagl- og torebyer ved hjelp av denne metoden.
Det er særleg skysåing som har gjeve positive resultat i å framkalle kunstig nedbør. Ved å strø tørris eller sølviodid over skyene som har temperaturar under 0 °C. Desse fungerer som kondensasjonskjerner som underkjølte vassdropar kan fryse på. Dette medverkar til at iskrystallane veks raskare enn under dei naturlege tilhøva, og når dei vert tunge nok fell dei ut som nedbør.