Kraków
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kraków (tysk og tidlegare norsk Krakau) er ein by i Polen og hovudstaden Veslepolske voivodskap i Polen. Han ligg ved elva Wisła og har ei historie som går tilbake til 600-talet.[1] Kraków blir rekna som ein av dei vakraste byane i Europa og står som følgje av dette og den rike historia på UNESCO si verdsarvliste.[2]
Kraków | |||||
---|---|---|---|---|---|
Utsyn mot marknadsplassen | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Veslepolske | ||||
Byrettar | 5. juni 1257 | ||||
Borgarmeister | Jacek Majchrowski | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
327 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) |
756 757 | ||||
Koordinatar | 50°3′41″N 19°56′18″E | ||||
Høgd over havet | 219 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 30-024 til 31-962 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 12 | ||||
Bilnummer | KR | ||||
Nettstad: www.krakow.pl |
Byen har no 755 000 innbyggjarar (2006), men storbyområdet Kraków-Tarnów bur det 1,403,247 innbyggjarar.[3] Byen var hovudstad i Polen frå 1038 til 1596, hovudstaden i Storhertugdømet Kraków frå 1846 til 1918, og hovudstaden i Kraków voivodskap frå 1300-talet til 1999.
Kraków har tradisjonelt vore eit av dei viktigaste sentera for polsk vitskap, kultur og kunst. Med status som tidlegare hovudstad i nasjonen og ei soge som går over tusen år bakover i tid er byen det spirituelle hjartet i landet. Han er eit stort turistmål for både lokale og internasjonale turistar og blir vitja av om lag sju millionar kvart år. Av kjende landemerke finn ein marknadsplassen med Mariakyrkja og Sukiennicehallen, Wawel slott, Nasjonalmuseumet, Zygmunt-bjella ved Wawelkatedralen og Florianporten frå mellomalderen. I 1978 blei det historiske senteret i byen ein del av UNESCO si verdsarvliste.