Kongedalen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongedalen (arabisk وادي الملوك Wādī al-Mulūk) er ein dal i Egypt der faraoar og andre høgtståande personar frå Det nye riket i Egypt blei gravlagde frå 1500- til 1000-talet f.Kr. Saman med ruinane av Theben (Luxor) står staden på UNESCO si liste over verdsarv.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Kongedalen | |||
dal | |||
Land | Egypt | ||
---|---|---|---|
Del av | Theban Necropolis | ||
Kongedalen 25.74025°N 32.602358°E / 25.74025; 32.602358 | |||
Wikimedia Commons: Valley of the Kings | |||
Lukk
Dalen er ein wadi med ein austleg og ein vestleg del. Dei fleste gravene ligg i den vestlege delen. Nye funn i 2006 og 2008 gjorde at ein no kjenner til 63 graver, der dei enklaste har eit enkelt gravkammer medan den største har over 120 kammer. Alle gravene ser ut til å ha vore opna og stolne frå i oldtida, men veggmåleri og gravgods i gravene gjev kjelder til kunnskap om tru, gravskikk og samfunn frå denne tida.