Klima i Kina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Klimaet i Kina er svært variert på grunn av dei varierande topografiske og geografiske forholda i landet. Eit av dei viktigaste klimatiske trekka er monsunen, som er mindre kjend enn den indiske monsunen, men minst like viktig. Den årlege syklusen av regntid og tørke utgjer ein svært viktig del av livet til den tette folkesetnaden i den austlege halvdelen av landet. Sjølv om Kina ligg ved Stillehavet, er det frå Indiahavet fukta kjem når monsunen startar seint på våren. Stader som knapt nok ser ein drope vatn eller eit einast snøflak i januar kan verte overskylla av vatn i august. Alvorlege flaumar kan råke dei store elvedalane, særleg Chang Jiang, og på 1900-talet aleine mista hundretusenvis av menneske livet. I september byrjar monsunen å trekke seg tilbake når kald nordleg vind trenger seg sørover. Den kalde vinden varer ved gjennom vinteren og gjev låge temperaturar og tørre forhold i store delar av landet.
Enkelte område kan få svært store temperaturskilnadar gjennom året, særleg i dei indre, austlege områda. Her har vinteren svært låge temperaturar, medan sommaren er varm og trykkande. Temperaturendringane er likevel forholdsvis lett å føresjå sidan temperaturvariasjonen frå dag til dag er etter måten liten, og årstidene vanlegvis er ganske så presise kvart år. Kaldlufta frå Sibir pressar seg sørover i Aust-Kina, og kan trenge inn i dei søraustlege områda. Hong Kong er ein av dei få kystbyane i tropane som kan få temperaturar ned mot 0 °C. Sjølv om det er kaldt fører den tørre lufta til at det kjem lite snø. Dei nordaustlege områda kan derimot få snø, og her vert snøen som regel liggande over lang tid. Dei siste åra har dei nordlege områda av Kina ikkje fått så harde vintrar som normalt, med temperaturar godt over normalen i lange periodar.
Vinteren i Kina er kanskje overraskande kald for så pass låge breiddegrader, men sommaren er like varm og fuktig som ein kan forvente. Den mest behagelege tida i Kina er kanskje i oktober då ein har lange periodar med sol og behagelege temperaturar.
Dei vestlege områda av Kina har eit anna vêrregime. Her finn ein Gobiørkenen på grensa mellom Kina og Mongolia ved sida av Tarimbekkenet, som tidlegare romma ein enorm innsjø av brevatn. Både ørkenen og bekkenet får svært høge temperaturar og tørre forhold om sommaren. Lenger nord er klimaet meir som i Sibir, med iskalde og tørre vintrar og kjølige somrar med enkelte regnbyger. Det store Tibetplatået er ei eiga meteorologisk verd, og mykje av dette er uutforska.