Khíos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Khíos (gresk Χίος), òg kalla Chios eller Hios, er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag sju km frå kysten av Tyrkia.
Khíos Lokalt namn Χίος | |
---|---|
Satellittbilete av Khíos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 38°24′N 26°01′E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 842,5 km²
|
Høgaste punkt | Pelinéo óros (1 297 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei nordlege egeiske øyane Khíos |
Største busetnad | Khíos by (27 015 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 50 361 (2021[1]) |
Folketettleik | 59,8 /km² |
Andre namn på øya er mellom anna صاقيز eller Sakız (osmansk tyrkisk), Scio (genuesisk), Chio (italiensk), Khora, Chora, Castro og Kastron.
Tidlegare hadde Khíos åtte kommunar, men frå 2011 er Khíos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2] Forutan Khíos omfattar periferieininga øyane Psará, Andípsara og Inoússes.
Khíos by er namnet på hovudbyen og det administrative senteret, men vert lokalt ofte kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Klosteret Néa Moní frå 1000-talet som ligg på Khíos, står på UNESCO si verdsarvliste.[3]