Kepler-lovene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kepler-lovene er tre lover som skildrar rørsla til planetane omkring sola. Dei vart funne og formulert av Johannes Kepler ved nøyaktig studium av planetrørslene og på grunnlag av observasjonane til Tycho Brahe.
- Planetane flyttar seg i ellipsar med sola i det eine brennpunktet.
- Ei rett linje frå sola til planeten, radiusvektor, skildrar like store flater i like lange tidsrom. Dette vert kalla flatesatsen til Kepler.
- Kvadratet av den sideriske omlaupstid for ein planet er proporsjonalt med tredje potens av den midlare avstanden til planeten frå sola.
Isaac Newton fann 50 år seinare at desse lovene kan utleiast av gravitasjonslova, den tredje lova i ein litt modifisert form. Den eksakte formulering er: Kvadratet av den sideriske omlaupstida er proporsjonalt med tredje potens av middelavstanden og omvendt proporsjonalt med summen av massane til sola og planeten. Relativitetsteorien innfører små endringar i lovene.