Kartago
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kartago (òg skrive Karthago, frå fønikisk Kart-Hadascht, «nybyen», skrive utan vokalar på punisk som Qrthdst) var ein oldtidsby ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Han skal i glanstida si ha hatt opptil 700 000 innbyggjarar. Byen, som var ei viktig sjømakt, vart jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 fvt. Han vart bygd opp att av Julius Cæsar og Augustus, og i den romerske keisartida var Kartago den viktigaste byen i Nord-Afrika saman med Alexandria. I 439 vart han hovudstaden til vandalane, i 533 kom han under bysantinsk styre og i 697 vart han øydelagd av arabarar.
I dag er Kartago ein ruinby utanfor den tunisiske hovudstaden Tunis. Kartago vart teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1979.