Judit Polgár
From Wikipedia, the free encyclopedia
Judit Polgár (fødd 23. juli 1976) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene.[1] I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i sjakk i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár var pr 1. mars 2010 rangert som nummer 51 i verda på FIDE si ratingliste med ei FIDE-rating på 2682. Ho er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100. Ho har på det beste for nokre år sidan vore rangert så høgt som nummer 8 i verda.
- Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Kjappe fakta
Judit Polgár | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 23. juli 1976 (47 år) Budapest |
Yrke | sjakkspelar, esperantist, sportskommentator |
Språk | esperanto, russisk, ungarsk |
Far | László Polgár |
Mor | Klára Polgár |
Nettstad | https://www.polgarjudit.hu |
Judit Polgár på Commons |
Lukk