Jakobittopprøret i 1745
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jakobittopprøret i 1745, også kjent som Forty-five Rebellion eller berre The '45 (skotsk gælisk Bliadhna Theàrlaich, [ˈpliən̪ˠə ˈhjaːrˠl̪ˠɪç], bokstaveleg 'Karlsåret'), var eit forsøk av Karl Edvard Stuart på å ta tilbake den britiske trona for far sin, Jakob Edvard Stuart. Oppreisten gjekk føre seg under den austerrikske arvefølgjekrigen, då det meste av den britiske hæren kriga på Kontinentet. Han blei likevel slått ned, og viste seg å vera det siste av jakobittopprøra som hadde byrja i 1689 med større utbrot i 1708, 1715 og 1719.
Jakobittopprøret i 1745 | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Jakobittopprøra | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Kongeriket Storbritannia | Jakobittar Kongeriket Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
|
|
Karl byrja opprøret 19. august 1745 ved Glenfinnan i Det skotske høglandet. Han erobra Edinburgh og sigra i slaget ved Prestonpans i september. Ved eit rådsmøte i oktober gjekk skottane med på å invadera England etter at Karl gav dei forsikringar om solid støtte frå engelske jakobittar samstundes som franske troppar ville gjera landgang i Sør-England. På dette grunnlaget gjekk jakobitthæren inn i England tidleg i november. Dei nådde Derby den 4. desember, og bestemte seg for å venda tilbake til Skottland der.
Ein hadde tidlegare diskutert tilbaketrekking i Carlisle, Preston og Manchester, og mange i hæren meinte allereie at dei hadde gått for langt. Invasjonsruta var blitt vald for å gå gjennom område som var rekna som sterkt jakobittiske, men den lova engelske støtta uteblei, og jakobitthæren var no underlegen i tal og i fare for å bli avskoren frå ein mogleg retrett. Det store fleirtalet i hæren støtta tilbaketrekkinga, men ho førte til ei uoppretteleg splitting mellom Karl og dei skotske støttespelarane hans. Trass i ein siger ved Falkirk Muir i januar 1746, gjorde slaget ved Culloden i april slutt på opprøret og mykje av støtta for Stuart-saka. Karl rømte til Frankrike, men klarte ikkje å vinne støtte for eit nytt forsøk. Han døydde i Roma i 1788.