Jacopo Amigoni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jacopo Amigoni (1682–21. august 1752) var ein italiensk kunstmålar frå Napoli eller frå Venezia. Han var aktiv under sein-barokken og i rokokko-perioden. Amigoni begynte som målar i Venezia, men reiste mykje og var profilert i heile Europa, særleg var dei overdådige portretta hans mykje etterspurde. Han måla både freskar og oljemåleri, snart med religiøst og snart med mytologisk innhald. Amigoni arbeidde svært snøgt, hans virtuost måla bilete høvde godt til den rådande smaken under rokokkotida.
Kjappe fakta
Jacopo Amigoni | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 1682 Napoli, Venezia |
Død |
21. august 1752 (70 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar |
Språk | italiensk |
Ektefelle | Maria Antonia Marchesini |
Jacopo Amigoni på Commons |
Lukk