Indoarisk språkgeografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den indoariske språkgeografien gjer greie for utbreiinga av indoariske språk. Det hovudsaklege utbreiingsområdet for indoariske språk i dag omfattar den nordlege delen av den indiske halvøya omtrent frå Indus i vest til Assam i aust, og frå Himalaya i nord til omtrent 18. breiddegrad i sør. Dei indoariske språka er største språkgruppa i Sør-Asia. 15 av dei 22 offisielle språka i India er indoariske, og tre av fire indarar har eit indoarisk språk som morsmål.[1] Også i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane er eit indoarisk språk statsspråk. Utbreiingsområdet omfattar altså òg store område utanfor India, men på den andre sida omfattar dei ikkje dei områda i sørlege India der det i staden hovudsakelg blir brukt dravidiske språk.