Hypersalt innsjø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hypersalt innsjø viser til ein saltsjø med særs høg konsentrasjon av salt som natriumklorid, høgare enn sjøvatn som ligg på rundt 3,5 % eller 35 gram per liter. Det høge saltinnhaldet gjev større oppdrift i slike sjøar enn i andre. Det finst hypersalte sjøar i alle verdsdelar, særleg i tørre eller halvtørre regionar.[1]
Slike sjøar gjev dårlege levekår til dei fleste organismar, men inneheld særskilde mikroorganismar og krepsdyr som trivst i miljø med høg salinitet.[2] Nokre av desse organismane går inn i ein dvaletilstand om dei blir uttørka. Nokre av desse artane skal ha eksistert i over 250 millionar år.[3]
Den saltaste innsjøen i verda er Don Juan Pond på Antarktika. Volumet ligg på rundt 3000 m³, men endrar seg stadig. Saliniteten i Don Juan Pond ligg på over 44 %,[4] det vil seia 12 gonger så salt som sjøvatn. Den høge saliniteten gjer at sjøen ikkje frys sjølv i temperaturar under −50 °C.[4] I det kringliggjane området, McMurdo Dry Valleys, finst det fleire store hypersalte sjøar, til dømes Lake Vanda, med ein salinitet på over 35 % (10 gongar saltare enn sjøvatn). Dei er isdekte om vinteren.
Den saltaste sjøen utanfor Antarktis er Assalsjøen i Djibouti,[5] som har ein salinitet på 34,8 % (10 gongar saltare enn sjøvatn). Den best kjende hypersalte innsjøen i verda er truleg Daudehavet (34,2 % salinitet i 2010), som skil Israel og Vestbreidda frå Jordan. Dette er den djupaste hypersalte sjøen i verda. Araruama-sjøen eller -lagunen i Brasil er den største hypersalte sjøen i verda.[6]
Great Salt Lake er ein annan kjend hypersalt sjø som ligg i Utah i USA. Han har ein overflate som er rundt tre gonger så stor som Daudehavet, men er grunnare og har større variasjon i saltinnhaldet. Salinitetet varierer mellom 5 og 27 %, frå like over til 7,7 gonger saltinnhaldet i sjøvatn.[7][8][9]