Hydraulikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hydraulikk er den delen av hydrodynamikken som omfattar rørsla til væsker og overføring av energi gjennom røyr eller andre lekamar. Vanlegvis brukar ein olje, men vatn kan òg brukast.
Hydraulikk vert brukt først og fremst når ein treng store krefter. Eit typisk bruksområde er anleggsmaskinar, der store hydrauliske sylindrar løftar, senker, tømmer, lukkar, opnar og utfører andre oppgåver. I dagleglivet møter ein gjerne hydraulikk i hydrauliske garasjejekkar og liknande utstyr.