Hove kyrkje
kyrkje i Vik kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hove kyrkje står i utkanten av Vikøyri i Vik kommune i Vestland. Kyrkja er bygd i stein på slutten av 1100-talet. Ikkje langt frå kyrkja ligg Hopperstad stavkyrkje. Frå 1877 var den nye Vik kyrkje soknekyrkje i Vik. Arkitekt Peter Andreas Blix (1831-1901) organiserte restaurering av kyrkja, og ligg gravlagd under kyrkjegolvet.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Hove kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Per Magne Kjøde | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vik | ||
Periode | Romansk | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | ca. 1170 | ||
Tårn | Vesttårn | ||
Portal | Vestportal fornya av Blix romansk/gotisk | ||
Skip | Einskipa | ||
Altar | Relikviealter frå mellomalderen av murt stein | ||
Diverse | Krusifiks frå 1880–åra over koropninga. Glasmåleri i korveggen, Kristus i midten flankert av David og Moses | ||
Hove kyrkje 61.07166667°N 6.58333333°E / 61.07166667; 6.58333333 | |||
Wikimedia Commons: Hove Church | |||
Close
Hove kyrkje og Hove kyrkjegard er automatisk freda som kulturminne frå mellomalderen. I 2005 freda Riksantikvaren mellombels eit område kring kyrkja. Bønder i området har planar om bygging av eit samdriftsfjøs i området. I september 2005 kom Riksantikvaren med ei uttale om at dei meiner bygging av eit slikt fjøs strir mot vernereglane.